Lydforhold

Har ein nedsett hørsel er det vanskelegare å føre ein samtale, eller høre på andre, i omgjevnadane med mye bakgrunnsstøy. Tenk difor på akustikken når du vel material og romløysingar i bygg og bustadar.

Kva er etterklang?

Etterklang er noko som ofte skapar problem for hørselshemma, kanskje spesielt relatert til større rom. Når lyden «heng igjen» i eit rom vil det ofte verta vanskelegare å skilje ut den samtalen eller lyden ein vil høyra frå andre lydar i rommet. Dette er ekstra problematisk om ein nyttar høyreapparat.

Val av material

Dei materiale ein vel er avgjerande for den akustikken som rommet har. I kva grad dei materiale ein nyttar til golv, veggar og tak er lyd-absorberande er saman med rommet sin størrelse det som gjev akustikken til eit rom. Difor er det viktig at ein tek omsyn til kva akustikk og etterklang dei materiale ein vel gjev. Golv av fliser, vegger av gipsplater og glatte takhimlingar vil for eksempel gje stor etterklang, noko som vil gjere det vanskelagre å bruke rommet for ein som har nedsett hørsel.